Maria Parr kjem til Etne.
Maria Parr er aktuell med si fyrste bok for vaksne;
Sjå, der går ein barndom. Om lesaren, litteraturen og det fortalde.
Ei samling tekstar om det vi snakkar for lite om i den ofte moraliserande debatten om barn og lesing. Om korleis det er å være eit barn som les. Om det magiske landskapet mellom den som fortel og den som lyttar.
I boka tek Maria oss med tilbake til stemmene og forteljingane som inspirerte ho til å finne si eiga stemme. Ho skriv om høgtlesing, fantasi, leik på lat og på ekte, og om kvifor gode historiar betyr meir enn nokon gong.
Denne kvelden møter du Maria i ei litterær samtale med bibliotekleiar Signe Ytrøy.
Ein fin kveld for deg som er lærar, barnehagelærar, forelder, besteforelder, eller berre glad i ei god forteljing. Og for deg som lurer på kva som eigentleg skjer når eit barn opnar ei bok.
Vel møtt til ein varm og viktig kveld på biblioteket <3
