Innloggingspanel for meirope bibliotek. Eit kvit boks med taltastatur og strekkodelesar. Foto.

Meirope bibliotek

Velkommen til meirope bibliotek i Etne. Tilbodet gjeld berre på hovudbiblioteket. For å få tilgang til ubetent/meirope bibliotek må du ta kontakt med bibliotekpersonalet for rettleiing og informasjon. Du må òg skriva under på kontrakt med biblioteket og få oppgradert lånekortet ditt til tilgangskort.

Korleis?

Skriv under på kontrakten og lever den til personalet, så får du avtale om tilgang til biblioteket utanom betent opningstid. Du kjem inn på biblioteket ved å lesa av lånekortet i kortlesaren ved inngangen til biblioteket og tasta pin-kode. 

Kven?

Tilbodet gjeld for alle registrerte lånarar over 16 år.

Lånarar under 18 år må ha underskrift frå føresette.

Born kan nytta tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.

Det vil vera personale i biblioteket i delar av den ubetente opningstida for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp – ver gild å koma i den betente opningstida.

Når?

I Etne kan ein kome seg inn på hovudbiblioteket i Skakkes opningstider. Det vil vanlegvis bety kl. 8.30-20.30 på kvardagar. I helgene og feriane er det berre ope i kinotidene og andre arrangement. Sjå Skakkes sider for oppdaterte opningstider.

Vårt felles bibliotek

Biblioteket er eit offentleg rom og felles eigedom som skal vere til glede og nytte for alle. Det meiropne biblioteket byggjer på eit tillitsforhold mellom brukar og bibliotek – du bør difor passa godt på og halda ro og orden.

Kameraovervaking og personvern

Av omsyn til brukarane si sikkerheit, og for å beskytta inventar og utstyr, blir biblioteklokalet overvaka med videokamera i meirope tid. Når du loggar inn med lånekortet og går inn døra vert det teke eit bilete av deg. Opptak og bilete blir oppbevart i ei veke og vil kunne bli oversendt til politiet ved avdekking av lovbrot eller hærverk.

Sjå bibliotekets personvernerklæring for meir informasjon om kameraovervaking og korleis biblioteket handsamar personopplysningar om deg.