Lesesirklar for vaksne
Etne bibliotek og avd. Skånevik organiserer heile 7 lesesirklar for vaksne. Ta kontakt om du kan tenka deg å vera med i lesesirkel.
Kva er ein lesesirkel?
I ein lesesirkel les ein same bok og avtalar å møtast etter ein har lese boka. Då diskuterer ein korleis ein har opplevd boka, tankar og meiningar. Lesesirkelen vel i fellesskap kva bok ein vil lesa.
Å vera med i ein lesesirkel er både sosialt og lærerikt. Dei ulike sirklane har gjerne litt ulik fokus på litteratur ein ønskjer å ta for seg. Om du vil vera med i lesesirkel er det flott om du seier noko om kva du likar eller ønskjer å lesa, så finn me ein sirkel som passar for deg.
Biblioteket skaffer bøker til alle deltakarane i lesesirklane.