Digitale tenester

Bibliotekappen

Visste du at du kan få bibliotekkortet på mobilen?

Hold orden på lån og bestillingar med Bibliofil-appen. Bruk det digitale lånekortet ditt som nøkkel til meirope bibliotek.

Mobiltelefon i forgrunnen, ei pute og uklar grønn bakgrunn

Bookbites

BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.

Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.


Stikk innom oss om du manglar lånekort.

Banner med to barn som ser film på ein skjerm under eit teppe, og teksten: Sjå film på nettet. Den nye måten å låne film frå biblioteket - fritt tilgjengeleg med nasjonalt lånekort.

Filmoteket

Etne bibliotek tilbyr strøyming av kvalitetsfilmar gjennom Filmoteket. Filmen kan sjåast på ei rekke einingar og i alle kjente nettlesarar. Du kan og overføre filmen til ein større skjerm via AirPlay og Chromecast.

Stikk innom oss om du manglar lånekort.

Filmane er tilgjengelege i 48 timar etter at du har lånt dei, og du kan du låne 5 filmar pr. månad.

Logo til flipp

Flipp

Biblioteket gir deg gratis tilgang til 90 magasin og tegneseriar fra Egmont Publishing via biblioteket sitt gjestenett. Last ned appen, logg inn med mobilnummer og valgfritt passord.

Når du loggar inn i appen får du tilgong i 7 dagar. Deretter må tilgangen fornyast ved å logge på i biblioteket igjen.

Screenshot av søkesida til nasjonalbiblioteket

Nettbiblioteket

Nasjonalbiblioteket digitaliserer bøker, aviser, tidsskrift og bilder.

Mykje av materialet er fritt tilgjengeleg frå norske IP-adresser, og endå meir er tilgjengeleg på biblioteket. I tillegg kjem noko som berre er tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».

Jente som held ei eske, lys stråler ut. Filmbib sin logo på bildet

Filmbib

I Filmbib kan du sjå kortfilmar og dokumentarfilmar av nyare dato, men også nokon eldre.

For å få tilgang til filmane må du ha eit nasjonalt lånekort og PIN-kode. Viss du vil sjå film på telefon eller nettbrett må du laste ned Filmbib-appen frå App Store eller Google Play.

Ein vaksen og eit barn som deler ei leseoppleving på ein skjerm. Foto.

Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket er ei digital teneste der du finn e-bøker og lydbøker på andre språk enn norsk.

Brukarane kan sjølve opprette ein brukarkonto med ei e-postadresse.

Verdensbiblioteket er gratis å bruka og ope for alle i Noreg, så lenge du besøker sida frå ei norsk IP-adresse.

Ein skjerm med teksten Neste Bok

NesteBok

NesteBok er ein teneste som vil hjelpa deg å finna ei bok som liknar ei anna bok du har likt.

Søk på ein boktittel og du får forlslag til liknande bøker basert på ulike appellfaktorar. Nestebok.no er utvikla av Biblioteksentralen.

Eit ansikt med ein planet og eit par som held rundt kvarandre i bakgrunnen. Illustrasjon

Lesedigg

Lesedigg er eit nytt verktøy som skal hjelpe barn mellom 7 og 13 år å finne ei bok dei vil lese!

Leit eller søk etter bøker ved å trykke på knappen «Finn ei bok for meg» eller skroll nedover sida for å finne bokmeldingar, aktivitetar, forfattarintervju og siste nytt frå Framtida Junior.

Logo for Tibi - tilrettelagt bibliotek

TIBI

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) er eit offentleg bibliotek som produserer og låner ut lydbøker og punktskriftbøker.

Tilbodet er for alle som strevar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsettelse eller sjukdom.