Åtte skuffer frå ein gammal kartotekkommode. Nærbilete.

Frøbibliotek

Du finn frøbibliotek både på hovudbiblioteket i Etne, og på filialen i Skånevik. Frøbiblioteket er i samarbeid med Etne hagelag.

Lån – så – haust – levér

I frøbiblioteket kan du “låna” frø til eige bruk. Me skil mellom eittårige planter (sommarblomar), fleirårige planter (stauder) og etande vekstar (urter, grønsaker).

Dersom du har høve og lyst, er det flott om du leverer frø tilbake til frøbiblioteket til hausten. Haust frøa ein tørr og fin haustdag. Frøa pakkar du inn i eit kaffifilter, merker med type frø (og eventuelle andre relevante opplysningar) og leverer til biblioteket. Medlemmer i Etne hagelag pakkar frøa klar til neste sesong.