Anne Gunn Halvorsen er på forfattarbesøk. Viser bilde av skodespelarar til Netflixfilmen "Arvingen" foran ein klasse ungdomsskuleelevar.

Tilbod til skule og barnehage

Etne bibliotek har tett samarbeid med skulane og barnehagane i kommunen, og tilbyr mellom anna:

Bokkassar

Me tek imot bestilling på bokkassar. Send oss ein førespurnad med antal bøker, alder på barna, eventuelle tema og ønskja lånetid, så plukkar me ein kjekk bokkasse til klassen/avdelinga.

Bokprat

Me har mange faste og meir sporadiske avtalar med klassar om bokprat. Då presenterer me nye, aktuelle bøker eller bøker samla etter tema/sjanger. Ta kontakt om du ønskjer dette for din klasse. Me gjer avtalar for både 5-minuttar og heile skuletimar.

Forfattarbesøk

Kvart år arrangerer me fleire forfattarbesøk for skulen. Desse er vanlegvis finansiert av DKS Etne kommune. Ta gjerne kontakt dersom du har ønskje om forfattar me skal prøva å koma i kontakt med!

Leseknappen

Kvart år vert elevane i 2. klasse tilbudt å vera med på Leseknappen. Dette er eit opplegg me gjennomfører i samarbeid med skulen og skulebibliotekar. Målet er å bevisa at ein har lært å lesa ved å lesa 10 bøker heilt sjølv. Om ein klarer dette – får ein utdelt Leseknappen. Dette plar me markera med ein lesefest på biblioteket der elevane får utdelt Leseknapp og diplom.

Sommarles

Biblioteket er med på den årlege nasjonale lesekampanjen “Sommarles”. Sommarles er for born i 1. – 7. klasse og for skulestartarar. Etne kommune har svært høg deltakarprosent. Det er forska på at deltaking i Sommarles er med å oppretthalda leseferdighetene gjennom sommarferien. Les meir om forsking på Sommarles via Møreforskning sine heimesider.

Me oppmodar alle foreldre om å hjelpa barna sine til å delta på Sommarles.

Foreldremøte

Barne- og ungdomsbibliotekar stiller gjerne på foreldremøte i barnehage eller skule for å fortelja om biblioteket eller om gode effektar av høgtlesing og lesing. Send ein førespurnad om de ønskjer besøk av oss!