Dagsturhytta
Etne si dagsturhytte opna offisielt i oktober 2022. Hytta ligg flott plassert på toppen av Leiteshaugen. Alle dagsturhyttene i Vestland kommune er utstyrt med eit nynorsk turbibliotek. Etne bibliotek er ansvarleg for drifta av dette biblioteket.
Nynorsk turbibliotek
Inne i hytta finn ein eit lite bibliotek med kjekke, nynorske bøker. Bøkene kan ein lesa i medan ein er på hytta. Det er aller mest bøker for barn, men ein finn òg bøker for vaksne og bøker som høver for alle aldrar. Etne folkebibliotek er ansvarleg for biblioteket.
Korleis kjem eg meg dit?
Meir informasjon om turen til Dagsturhytta finn du på Vestland fylkeskommune sine sider.