
Familiedag med bamseovernatting
Kl. 11.30 vert det mini-teater med Sigrun T. Arnesdotter og «Kosekvalpen».
Forestillinga handlar om å være liten i ei stor og travel verd.
Ein liten kvalp i ei pappeske drøymer om å finna nokon å høyra til hos – og kanskje få ein klem.
Historia vert fortalt varmt og levande av skodespelar Sigrun T. Arnesdotter, og høver for barn fra 2 år. Lengde: 40 minutter.
Hugs å ta med bamsen din!!
Det vert òg:
- Teikneutstilling v/ 1.klasse, Enge skule
- Verkstad
- Bamseovernatting: La bamsen din overnatta på biblioteket! Kanskje har han med seg ei overrasking heim når du hentar han?
Familiedagen er gratis.