Skodespelar Adele Duus saman med ei figurdokke - kaktusen Felipe

Familiedag med figurteater

Dato

Tid

Stad

Etne bibliotek
Me startar kl. 11.00 med teateret «Gi meg en klem» av skodespelar Adele Duus. Førestillinga vert i foajeen på Skakke, rett ved inngangsdøra til biblioteket. Me opnar dørene kl. 10.45.
«Kaktusen Felipe kjem frå ein berømt kaktusfamilie som likar å ta seg godt ut og som alltid held avstand til kvarandre. Felipe synest familien hans er opptatt av heilt feil ting, for det einaste han ønsker seg er ein klem! Kva skjer den dagen Felipe endeleg får ein venn – ein stor, gul ballong? I denne figurteaterførestillinga, som er både morosam og alvorleg, møter de ikkje berre Felipe, men også mange andre kaktusar i gartnaren Fie sitt drivhus. «Gi meg en klem» byggjer på den prislønte bildeboka med same namn, av Simona Ciraolo, og det er Adele Lærum Duus som har tilrettelagt den for scene.»
Skodespelar/figurspelar: Adele Lærum Duus
Regi: Annicke Gill
Komponist: Hallvard Lærum
Passar fra 3 år og oppover.
Førestillinga varer i 45 minutter.
Etter førestilllinga er heile familien velkommen inn i biblioteket for å laga sin eigen kaktus, sjå flotte teikningar av 3. klasse, Enge skule (sjølvsagt med kjærleikstema for anledninga) og til å vera med på «kjærleiksrebus» og andre kjekke aktivitetar.
Velkommen!