Boktips for 0-2 år

Populær serie: Vesle
Bøkene om Vesle og Store er spesielt kjekke for dei minste som har eit større søsken. Bøkene handlar om Vesle og følgjer Vesle sitt perspektiv. Vesle vil gjera og klara det Store gjer. Forteljingane tar for seg gjenkjennelege kvardagshendingar. Bøkene er i kartong, noko som gjer dei ekstra brukarvenlege for dei minste. Til no er det fem bøker i serien.

Kvardag: Lille mus
For dei minste er det veldig kjekt å sjå i bøker med bilete av kvardagslege element. Biblioteket har mange ulike kartongbøker med eksempelvis bilete av dyr, kjøretøy, huset mitt og om kroppen. Eit eksempel på dette er serien om Lille mus: «Min første ordbok med Lille mus», «Året rundt med Lille mus» og «Huset mitt med Lille mus». Solide, kjekke myldrebøker som kan lesast og kikkast i på ny og ny!

Interaktiv bok: Se, føl og ta på – Leketid!
Boka inviterer lesaren til å brøla som ei løve, trampa som ein elefant – men og til å kjenna på strukturar i boka. Ei fargerik bok som stimulerer til samtale og læring av omgrep.

Fantasi: Unni og Gunni
Unni og Gunni er to fantasifulle pingviner som malar, gjer det fint og dreg ut på reise. Bøkene er enkle, fargerike, lærerike (til dømes blanding av fargar) – og dessutan på nynorsk!

Filosofi: Lars er ikke
Bøkene om Lars er skrive av Svein Nyhus og har ein undrande, litt filosofisk forteljartone. I boka «Lars er ikke» tenkjer Lars på alt han ikkje er. Han er ikkje ein katt, ein edderkopp eller ein fisk. Men han kan kanskje gjera noko av det dei gjer likevel?

Nynorsk: Mopp og Mikko
I bøkene om Mopp og Mikke vert lesaren invitert med til å leita og å svara på spørsmål. Illustrasjonane er fargesterke og i enkle former. Bøkene er både skrive og illustrert av den anerkjente forfattaren Kari Stai, som òg står bak serien om Jakob og Neikob.

Bibliotek-favoritt: Ludde og alle dyrene
Det er hysterisk morosamt at Ludde (nesten) alltid tar feil av kva dyr som lagar kva lyd. Dyrelydar er noko barn ofte lærer seg frå tidleg alder, og det vert difor enkare for barna å følgje forteljinga og le av historia. Me tilrår alle bøkene om Ludde – «humor for svært små mennesker»!

Klassikar: Bø og bæ
Me blir aldri lei av dei søte lamma Bø og Bæ som stadig er på nye, rare eventyr. Underfundige, enkle og samstundes litt uventa og morosame forteljingar om kvardagslege hendingar. Og serien er på nynorsk!
