Boktips for 0-2 år
Her kjem fotogalleri av 9 bøker
Serie: Vesle av Hannah Mileman og Nora Dåsnes
Bøkene om Vesle og Store er spesielt kjekke for dei minste som har eit større søsken. Bøkene handlar om Vesle og følgjer Vesle sitt pespektiv. Vesle vil gjera og klara det Store gjer. Forteljingane tar for seg gjenkjennelege kvardagshendingar, og Vesle kan vera både jente eller gut – opp til den som les. Bøkene er i kartong, noko som gjer dei ekstra brukarvenlege for dei minste. Til no er det fem bøker i serien.
Klassikar: Bø og bæ av Olof og Lena Landström
Me blir aldri lei av dei søte lamma Bø og Bæ som stadig er på nye, rare eventyr. Underfundige, enkle og samstundes litt uventa og morosame forteljingar om kvardagslege hendingar. Serien er på nynorsk!
Kvardag: Ordbøker med Lille mus
For dei minste er det veldig kjekt å sjå i bøker med bilete av kvardagslege element. Me har mange ulike kartongbøker med eksempelvis bilete av dyr, kjøretøy, huset mitt og om kroppen. Eit eksempel på dette er serien om Lille mus: “Min første ordbok med Lille mus”, “Året rundt med Lille mus” og “Huset mitt med Lille mus”. Solide, kjekke myldrebøker som kan lesast og kikkast i på ny og ny!
Fantasi: Unni og Gunni av Anna Folkestad
Unni og Gunni er to fantasifulle pingviner som malar, gjer det fint og dreg ut på reise. Bøkene er enkle, fargerike, lærerike (til dømes blanding av fargar) – og dessutan på nynorsk!
Interaktiv bok: Se, føl og ta på – Leketid!
Boka inviterer lesaren til å brøla som ei løve, trampa som ein elefant – men og å kjenna på strukturar i boka. Ei fargerik bok som stimulerer til samtale og læring av omgrep.
Nynorsk: Mopp og Mikko av Kari Stai
I bøkene om Mopp og Mikke vert lesaren invtert med til å leita og å svara på spørsmål. Illutrasjonane er fargesterke og i enkle former. Bøkene er både skrive og illustrert av den anerkjente for fattaren Kari Stai, som òg står bak serien om Jakob og Neikob.
Mange argumenterer for at det er nyttig å lesa på nynorsk for å førebu barna til det nynorske språkbildet frå tidleg alder. Då les ein på nynorsk, i staden for dialekt.
Favoritt: Ludde og alle dyrene av Ulf Lundgren
Det er hysterisk morosamt at Ludde (nesten) alltid tar feil av kva dyr som lagar kva lyd. Dyrelydar er noko barn ofte lærer seg frå tidleg alder, og det vert difor enkare for barna å følgje forteljinga og le av historia. Me tilrår alle bøkene om Ludde!