Boktips for 2-4 år

Brillebjørn_i_svømmehallen

Serie: Brillebjørn

Brillebjørn – kjent frå NRK Super – bur saman med mor og mamma. Bokserien, om Brillebjørn som liten bjørn – skrive av Ida Jackson er kvardagsleg, igjenkjenneleg og humoristisk om ein litt rampete men også følsom bjørn. Til no er det femten bøker i serien.

Omslag: Æsj sier Nora

Kvardag: Æsj, sier Nora

Nora må rydda, ho vil tissa på do, ho vil baka og ho seier: ÆSJ! og AU! I boka «Æsj!, sier Nora» vil ikkje Nora eta grønsaker, det er ÆSJ! Men farmor, ho liker ikkje godteri… Korleis skal dei bli enige? Det fint til no komme elleve bøker i den kjekke serien om Nora.

Interaktivitet: Trykk her!

Ei bok å leika med! Trykk to ganger på den gule prikken, bla om, og sjå kva som her skjedd! Boka «Trykk her!» er aktiviserande og spennande, samstundes som ein lærer om fargar og ulike begrep. Franske Herve Tullét har òg to andre bøker i same serie: «Kom og lek!» og «Farger».

Fantasi: Leo er en laks

I dag vil Leo vera ein laks! Korleis er det, mon tru? Kan ein spela fotball når ein er ein laks? I serien om Leo utforskar har korleis det er å vera ulike dyr: panda, laks, hund og elefant.

Filosofi:

Bokomslag "Monsterbråk"

Nynorsk: Veslemonster og Storemonster

Serien om Veslemonster og Storemonster er forteljingar om to gode venner, som og ofte er ueinige. Dei er ulike, vil forskjellige ting og store kjensler kjem i sving – men dei blir alltid bestevenner igjen til slutt. Humoristiske og spennande forteljingar i eit artig monsterunivers.

Bibliotek-favoritt: Frosken finn ein venn

Bøkene om frosken er skrive av nederlandske Max Velthuijs og omsett til vakkert nynorsk. I boka «Frosken finn ein venn» oppdagar Frosken ein bjørn som ligg i graset. Han skal ta han med seg heim og læra han å snakka og mykje anna kjekt. Vennene er skeptiske. Korleis går det til slutt – får frosken ein ny venn? Ei nydeleg og filosofisk forteljing om tru, håp og kjærleik.

Klassikar: Emma og Thomas

Bøkene om Emma og Thomas høyrer verkeleg til blant klassikarane for dei aller minste med sine enkle kvardagsforteljingar sett frå barnets perspektiv. Dei fascinerarar stadig dei små med trygge historiar frå barnehage og familieliv. Dei konkrete, enkle teikningane appellerer til barna på ein direkte måte.