Boktips for 4-6 år

Serie: Kokosbananas
Kokosbananas er halvt kokosnøtt, halvt ananas og 100 % genial oppfinnar. Bøkene om Kokosbananas har tatt barnefamiliar med storm dei siste åra. Forteljingane vart opprinneleg utgitt som lydbøker, men det er no komme mange trykte bøker – fylt med detaljrike, artige teikningar og oppfinnsomme, morosame historiar.

Kvardag: Følelsebiblioteket
Kva er vel meir kvardagsleg enn følelsar? Anna Fiske sitt «Følelsesbibliotek» tek for seg kjensler som: skam, sorg, forelsking, lykke, sinne og redsel. Hennar karakteristiske teikningar gjenspelar den enkle – men tankevekkande og engasjerande – teksten på ein gjenkjennbar, humoristisk og undrande måte.
Biblioteket har òg mange andre bøker som følelsar. Kom innom!

Interaktiv bok: Det er eit monster i boka di!
Eit monster har snike seg inn i boka di! Korleis skal me få det ut…? Og kva skjer viss det kjem ut? Les, lek og finn det ut om du tør!

Fantasi: Ei kjedeleg bok
Ei kjedeleg bok – kva kan vel denne seia oss om fantasi? Eller kanskje det er nettopp det den seier oss noko om – les heilt til slutt, og du får sjå.
Filosofi: Det gavmilde treet
Det gavmilde treet er ei allalder-bok med eit sterkt budskap om livet – om å ta vare på kvarandre, om å alltid vera der og om å tilgje. Boka har òg eit miljøaspekt, om at me menneske er ein del av naturen og at me må passa på den, på same måten som den passar på oss.
Ei rørande bok som kan lesast på ny og på ny! Og, du kan fargelegga den om du vil.
Nynorsk: Jakob og Neikob
Jakob seier alltid JA, medan Neikob seier alltid NEI. Dei bur saman, men er – som du forstår – veldig forskjellige. Bøkene om Jakob og Neikob er humoristiske, surrealistiske men òg lærerike – korleis skal dei finne ei løysing i lag? Det finst sju bøker om radarparet Jakob og Neikob, og serien vart avslutta med den geniale «Jakob og Neikob og tidsmaskinen». God lesing!

Bibliotek-favoritt: Timothy mister seg sjølv
Dette er ei legendarisk bok på Etne bibliotek. Timothy bur i eit hus inne i skogen for seg sjølv. Ein dag byrjar han å falle frå kvarandre. Det startar med ei tå, så dett armen av og deretter dett både tissen og resten kroppen av. Nei og nei, korleis skal han bli seg sjølv igjen?
Ei humoristisk, absurd og filosofisk bok for alle aldrar.

Klassikar: Gubben og katten
Gubben og katten er morosame barnebøker om den litt underlege Petterson og den viltre, oppfinnsome og energiske katten hans Findus. Dei bur saman på eit lite småbruk på den svenske landsbygda med utedo, hønsehus og hage. Forteljingane om Gubben og katten er både fartsfulle, humoristiske og koselege, og teikningane er fulle av detaljar. Klassikarar som er like kjekke for både barn og vaksne!