Lesing med dei minste

Kvifor?

Lesesenteret i Stavanger seier: Det finst mange gode grunnar for å lesa saman med dei miste, men ingen grunn til å ikkje gjera det. Dei seier òg: Ikkje vent å lesa med barna til dei har eit språk, les med dei slik at dei får eit språk. Det er aldri for tidleg å lesa saman!

Eigenverdi

Å lesa saman med ungane har ein sterk eigenverdi. Det knyter nærhet og styrkar samspelet dykkar, gir barnet tryggleik og ei stund med felles fokus. Når ein les ei bok høgt saman, er det ikkje praktisk mogleg å samstundes gjera andre ting – som å trykka på mobilen. Dette felles fokuset og merksemda er svært verdfullt.

For dei minste er det trygt og godt å høyra foreldra si stemme, høyra når det vert lese og sunge til, at det har foreldra si merksemd. Og når barnet peikar eller ler, så responderer den vaksne, og barnet føler seg sett og kjenner seg viktig.

Når ein les bøker saman kan boka etterkvart vera ein opnar for samtale rundt kjensler, opplevingar eller tankar barnet har bore på – anten bevisst eller ubevisst. Ei bok kan såleis knyta kvarandre nærare rundt samtalar ein gjerne elles ikkje ville fått.

Å lesa bøker er òg ei kunstnerisk oppleving – både tekst og bilete og ikkje minst kombinasjonen av desse er ei kunstoppleving for dei minste (og foreldra!).

Til slutt: å lese bøker saman kan vera heilt utruleg koseleg!

Utviklande

Å lesa bøker er utviklande for barnet, heilt frå det er lite er boklesing stimulerande for språkutvikling, forståing, empati og fantasi.

Å lesa bøker utviklar og styrkar ordforrådet. Forsking syner at barn som har blitt lese for frå det er 2 år har dobbelt så stort ordforråd som barn som

Utjamnande

Forsking viser at boklesing kan vera sosialt utjamnande.

Korleis?

Det viktigaste er ikkje korleis ein les men AT ein les. Kvar har si lesestemme, sin personlegheit og det viktigaste er å vera seg sjølv. Og når ein har lese ein del bøker, utviklar ein etterkvart “sin stil” og vert gjerne tryggare i lesinga. Nokon les med innleving, nokon improviserer, nokon les teksten slik den står, nokon les på dialekt, andre ikkje – all lesing er viktig og god!

Det er likevel nokre generelle tips som gjeld lesing med barn:

  • Les MED barna, ikkje berre for. Inviter til respons og aktiv deltaking.
  • Ta deg god tid, det er ikkje nødvendigvis eit mål å bli ferdig med boka. Om barnet vil sjå på illustrasjonane eller bla tilbake, så er i orden, boka treng ikkje lesast frå A til Å
  • Still gjerne spørsmål – både opne og lukka spørsmål kan ha verdi
  • Ver open for spørsmål tilbake, og ta deg tid til desse – dei beste spørsmåla kjem ofte frå barnet sjølv
  • Nokre gonger varer ei lesestund nokre sekund, andre gonger i mange minutt, og etterkvart kan ein kanskje lesa endå lengre saman

Kjelder og vidare lesing: