Kvit, norsk mann
- Forfattar:
- Brynjulf Jung Tjønn
Brynjulf Jung Tjønn er født i Sør- Korea, men blei adoptert til Noreg knappe to år gamal. «Kvit, norsk mann» er ei diktsamling om korleis blikk og handlingar kan føre til ei kjensle av utanforskap og tragedie. Boka passer både for ungdomar og vaksne. Brynjulf Jung Tjønn skriv om kvardagsrasisme, både hatefulle ytringar og ubevisste ytringar. Leveregelen «Vær mot andre, slik du ønsker at andre skal være mot deg», er gjerne noko ein ofte seier til ungane. Dessverre er det lett å gløyme til tider. Det er ikkje berre ungane som gløymer, men også me vaksne. Eg tenkjer at dette er ei viktig og klok bok.
Omtalen er skriven av Siren, Etne bibliotek
- Kategorier:
- Boktips for ungdom,
- Boktips for vaksne
