Bokomslag "På en bestingelse" av Neda Alaei

På en betingelse

“På en betingelse” er ei engasjerande ungdomsbok der me følgjer livet til 16-år gamle Yousef frå Oslo nokre månader. Yousef står med ein fot i mange ulike leirar – og det er mange omsyn å forholda seg til. Dei “gamle” vennene, moglege “nye” venner, mora, søstera og etterkvart – politiet og barnevernet.

Boka er handlingsdreven, og lesaren vert raskt tatt med inn i livet til Yousef.

Omtalen er skriven av Ingeborg, Etne bibliotek.

Kategorier: 
Boktips for ungdom