Omslag "På naturens skuldre" av Anne Sverdrup-Thygeson

På naturens skuldre

Undertittelen til boka På naturens skuldre er «Hvordan ti millioner arter redder livet ditt». I boka kan du lese spanande forteljingar om korleis menneska gjennom ulike tider har lært av naturen, brukt den til å utvikle medisin og fått inspirasjon til nyoppfinningar. Thygeson skriv på ein engasjerande og morosam måte, men boka har også eit alvorleg bodskap. Dersom vi ønsker å bevare jorda vår, må me endre måten me lever på.

Boka er tankevekkjande, og gjer at du blir enda meir takksam for alle artane me har.

Verkeleg ei fin bok som kan anbefalast!

Omtalen er skriven av Siren, Etne bibliotek.

Kategorier: 
Boktips for vaksne,
E-bok