Bamser i barneavdelinga på biblioteket

Boktips for dei minste

Lurer du på kva du skal lesa for barnet ditt? Her har me samla nokon gode tips til deg, og alle desse titlane finn du gratis til utlån på Etne bibliotek.

Hugs at aldersinndelinga berre er rettleiande, det er stor skilnad på barn, og eit barn på 5 år kan ha stor glede av ei «babybok» samstundes som ein 1-åring gjerne vil sjå på bileta og høyra litt frå ei bok som eigentleg er for dei eldre.

Me har tips i desse kategoriane:

  • Populær serie
  • Kvardag (bøker til å kjenna seg igjen i)
  • Interaktivitet (bøker som direkte inkluderer og vender seg til lesaren)
  • Fantasi (bøker som stimulerer fantasien litt ekstra)
  • Filosofi (undrande og gjerne litt humoristiske bøker)
  • Nynorsk (me kjempar for det nynorske språket!)
  • Favoritt (ein personleg favoritt frå biblioteket)
  • Klassikar (ein klassikar som kan lesast igjen og igjen)

Men det aller beste tipset er nok å komma på biblioteket og kikka sjølv i lag med barnet, kosa dykk på oppdagingsferd, spør bibliotekaren, låna med ein haug og bytta ut bøkene etter ei stund. Velkommen!

Boktips for 0-2 år

Viss du klikker her kjem du til tipsa for barn mellom 0 og 2 år

Boktips for 2-4 år

Viss du klikkar her kjem du til tipsa for barn mellom 2 og 4 år

Boktips for 4-6 år

Viss du klikkar her kjem du til tipsa for barn mellom 4 og 6 år

Kvifor lesa for dei minste?

Her kan du lesa meir om kvifor du bør lesa med dei minste barna.